Frå Ådland til Litauen
Bilde og tekst av: Dag Inge Aarhus
Uniformar bytta eigar i Sandnes
Dei gamle uniformane til Ådland skolekorps er no på veg til eit nytt liv i Litauen. Like før jul vart dei leverte til Hommersåk skolekorps i Sandnes, som skal sørge for at dei kjem til nytte i Lituaen.
Men korleis kom ein på å sende dei til Litauen er det kanskje nokre som spør seg?
Men freista å gi vekk uniformane gjennom ei annonsa på Norges Musikkorpsforbund si heimeside. Der var det ikkje respons, men så såg me på same sida at eit korps etterlyste instrument som dei ville sende til Litauen. Og treng dei instrument så tenkte me at dei kanskje også trengte uniformar, seier formann i Ådland skolekorps Helene Aarhus.







